Du er her: Heim

Våre baner

Kart til oss

Vi har fått Sup Air bane, dvs ei oppblåsbar konkurranse paintballbane. Denne kan settast opp omtrent kor som helst og det er utrulig kick og spele på denne. På denne bana speler vi Team Deathmatch med Capture the flag. Sjekk bilder nederst på sida.

På banene våre kan vi tilby følgande speltypar:

Team Deathmatch: Vi deler spelarane opp i to like lag. Og ein startar på kvar si side av bana. For å vinne må laget ditt klare å eliminere det andre laget sine spelarar.

Deathmatch: Her er det ingen lag. Det er alle mot alle som gjelder. Spelarane blir plassert spreidd rundt om i skogen og må sjølv kjempe aleine mot dei andre spelarane for å vinne. Den personen som blir ståande igjen tilslutt vinner.

Capture the flag: Kvart lag har kvar sin base, med eitt flagg. Du skal kome deg til motstandaren din sin base, ta flagget, og eskortere det tilbake til din eigen base. Samstundes må du passe på at motstandarane dine ikkje tek ditt eige flagg.

Hostage rescue: Motstandarane dine har teke ein av vennane dine til fange, og du skal finne, og redde han ifrå desse fiendane. Samstundes skal dei skal hindre deg i å redde gisselet.

Escort the VIP: Du skal passe på, og halde i live ein særs viktig person, som du MÅ få fram til ein forutbestemt stad i live, samstundes som motstandarane dine skal prøve så godt dei kan å ta han ut av spelet.

King of the hill: Vi deler inn i tre lag. Eitt lag skal sitte på toppen av ein bakketopp eller på eit ope område og forsvare eit flagg som henger der. Dei to andre laga kjemper mot kvarandre og skal forsøke og nedkjempe fienden på toppen og stjele flagget. Det første laget som tar i flagget vinner, viss det laget som forsvarer flagget tar ut dei to andre laga vinner det.

Defend the base: Vi henger opp tre ballonger i kvar base. Kvart lag skal beskytte sin base og samstundes prøve og skyte det andre laget sine ballonger. Det første laget som klarer og skyte alle tre ballongane til det andre laget vinner. Når du dør går du tilbake til basen din og starter på nytt. Spelet foregår til det eine laget har mista alle ballongane sine.

Killing the Officer's: Kvart lag har kvar sin general. Begge laga skal forsøke og skyte det andre laget sin general samtidig som dei skal forsvare sin eigen. Når du dør går du tilbake til basen din og startar på nytt. Spelet er over når ein av generalane er skoten.

Grab the flag: Vi deler inn i tre lag. Kvart lag har sin base. På midten mellom alle tre laga er det eit flagg, det er første mann og stjele flagget og ta det med tilbake til basen. Er du skutt er du ute.

Bounty Hunters: Alle mot alle. Alle skal ha eit armband når dei spelar. Det er om å gjere å skyte flest mogeleg og samle inn armbanda. Når du er skutt mister du eit armband. Har du samla deg noken har du fleire liv. Spelet er over etter 20 min. Da samlast alle og det blir telt opp kven som har flest armband. Den med flest armband vinner spelet.

Man Hunt: Alle mot ein. Ein person får lov til og utstyre seg med all ammoen og utstyret han eller ho vil. Spelaren skal komme seg fra plass A til B uten og bli skutt. Dei andre startar 1 min seinare. Dei som jakter på denne spelaren har kun lov og ha med den ammoen som er plass til i magasinet.

Bana vår © Robin BerglidØystein Kristiansen © Robin BerglidThomas i dekning bak X bunkeren © Robin Berglid

Strynehallen oversiktsbilde © Martin


Strynehallen oversiktsbilde 2