Du er her: Heim

Kva er paintball?

Paintball er først og fremst eit lagspel, men som spelar på eit lag er du avhengig av dine medspelarars prestasjonar, like mykje som dei er avhengige av dine. Gruppa får anledning til å teste deira evne til samarbeid og å ta raske besluttningar i stressande situasjonar.

I utlandet, bl.a. England, blir paintball regelmessig benytta i forbindelse med leiarutviklingskurs, utdrikkingslag og bedriftsutvikling. Dette er ein trend som også etter kvart er komen til Noreg. I USA og Canada er paintball den klart hurtigast voksande idretten.
Paintball er noko som de fleste ikkje heilt veit kva er. Det kan virke litt rart og ”umoralsk” at siviliserte menneskjer spring rundt i skogen og skyter måling på kvarandre. Men saken er den at sjansen for skader er mindre enn f.eks. i fotball, handball, osv da paintball IKKJE er ein sport der det er fysisk kontakt mellom dei som spelar.
Hadde paintball vore ein slik destruktiv sport som dei mest konservative vil ha det til, ville paintball ikkje vært lovlig. Å ha ein hobby er viktig for ungdommen, og mange vil ha noko anna å ty til enn fotball eller ski, og det er ingenting i vegen for at ein ikkje kan drive med det samtidig heller. Allsidigheit er viktig!

Det er ikkje så vondt å spele paintball som mange trur. Når du blir treft av ein paintball er du som regel full av kroppens eigne smertestillende midlar, adrenalin og endorfin, slik at du enkelte gangar ikkje merkar noko. Men når det heile er over og du kjem inn så kjenner ein ofte at det kan gjøre litt vondt viss ein har fått eit blåmerke. Viss paintball ikkje hadde gjort ilt hadde det heller ikkje vært noko morosamt, det som gjør paintball morosamt er at du har litt angst for å bli treft.